Så eller la stå?

Tidleg vår er erfaringsvis beste tidspunkt for direktesåing og mange grublar no på kva ekrer som er aktuelle for direktesåing. I enkelte område fryktar me også vinterutgang av raigras.

Direktesåing er ein usikker metode, men ved godt tilslag er det ein rimeleg måte å sikre nok vinterfôr og gode avlingar. Vår anbefaling er derfor å direkteså der ein har størst sjansar for å lukkast.

Å setje klare kriteria for kvar ein bør direkteså er vanskeleg og bør vurderast ute på gardane. Likevel veit me ein del om kvar ein ikkje forventar godt tilslag, og trur at dette er nyttig når ein står med valet om å så eller ikkje.

Direktesaing lars kjetil flesland foto
Av og til er fornying med plog eller anna jordarbeid vanskeleg – då er ein måte å oppnå godt tilslag å lett horving eller andre måtar å «rufse» i torva nyttig. Foto: Lars Kjetil Flesland

Ein bør ikkje direksteså:

  1. Når ein eigentleg burde snudd enga: Er enga dårleg fordi det er mykje pakka jord eller mykje kveke og anna ugras – dropp direktesåinga. Me ser ofte at slike blir direktesådd og fornying utsett, ofte med resultat at ein har dårleg eng i to ekstra år utan særleg effekt av direktesåing.
  2. I gamal eng: Gammal eng er ofte så tett av engrapp og anna smågras at det er lite «plass» til nytt gras å etablere seg. Forny heller gammal eng, og bruk heller direktesåing i eng som er 3 til 5 år for å forlege omløpet.
  3. Av og til er fornying med plog eller anna jordarbeid vanskeleg – då er ein måte å oppnå godt tilslag å lett horving eller andre måtar å «rufse» i torva nyttig. Til tettare enga er til viktigare er det å rufse godt i torva. Det er fleire som har god erfaring med å køyre ugrashorv eller mosehorv ein runde eller to før såing for å sikre enda betre tilslag av raigras.
  4. Når ein ikkje ønsker raigras: Det er dårleg tilslag med timotei og andre artar. Dermed anbefaler me heller brakking og ei eller anna form for jordarbeid om ønsket er å etablere andre grasartar enn raigras.
  5. Når enga er for tett frå før: Utfordringa med direktesåing er oftare konkurranse med ståande eng enn problem med spiring. Tett, god eng gir gode avlingar frå før, og effekten av direktesåing er derfor avgrensa her – så heller i open og glisen eng!
Tett botngras i gammal eng Foto Bjorg Karin Dysjaland
Tett botngras i gammal eng. Desse mattene er mange gonger rapp- eller kvein-artar. Vanskeleg å lukkast med direktesåing her fordi ein ikkje får god nok jordkontakt med frø. Foto: Bjørg Karin Dysjaland

Tre råd for å auke sjansen for å lukkast med direktesåing:

  • Plass nok: Den viktigaste faktoren for å lukkast verkar til å vera at enga er open nok til at nytt gras får plass og spelerom. Vurder derfor om enga di gir god nok plass til nytt gras!
  • Jordkontakt: Me erfarer at dei fleste såmaskinar verkar, men at arbeidet tromla gjer med å få frøet godt ned til jorda spele ei nøkkelrolle: vårt råd er derfor at du bør tromle etter såing!
  • Rask etablering: Bruk derfor raigras når du sår i ståande eng. Hovudvalet bør stort sett vera fleirårig raigras som ved god etablering varer fleire år. Bruk gjerne ei blanding med ulike sortar (t.d. FK sin Spire Pluss 100 eller Fiskå Nr. 23). Ei blanding av westerwolsk (eittårig) og italiensk (toårig) er fornuftig om ein har ein tidshorisont på eitt eller to år før snuing, eller ein ønsker noko som er meir aggressivt og/eller har ennå høgare avlingspotensiale om det slår til. Til direktesåing i beite er italiensk raigras å føretrekke på grunn av lite skot og god haustvekst.
  • Ver snill: Små spirer er verken glad i tjukk husdyrgjødsel eller dei sprøytemiddel-dosane me bruker i eng. Vær derfor obs på å køyre tynn og evt. reduserte mengder husdyrgjødsel etter slått i eng som er direktesådd om våren. Og sprøyting bør gjerast året før direktesåing - då hindrar ein å skada spirene samtidig som sår etter daudt ugras vert fylt med nytt gras!

Bestill NLR Engsjekken

Hjelp til vurderinga? Me tilbyr å ta ein runde på enga di for å gi deg gode råd om kva tiltak som bør gjerast dei ulike plassane! Ta kontakt med din grovfôrrådgiver i dag.