Det vart gjennomført eit treårig gjødslingsforsøk i eng der målsettinga var å samanlikne gjødslingseffekten av husdyrgjødsel og biogjødsel. Det vart registrert avling og kjemisk innhald i avlinga.

  • Det vart ikkje registrert statistiske avlingsskilnader mellom ledda med husdyrgjødsel og biogjødsel. Men biogjødsel inneheldt høgare innhald av plantetilgjengeleg nitrogen, slik at mengda tilført mineralgjødsel vart lågare i leddet med biogjødsel. Ein anna observasjon var at delen plantetilgjengeleg nitrogen i forhold til totalnitrogen var høgare i biogjødsla.

Det vart og teke ut prøvar av substrat og biogjødsel for å kartlegge m.a. innhald av nitrogen og næringssalt, tungmetall og aktuelle patogenar.

  • Innhaldet av totalnitrogen var lågare i biogjødsla enn i substratet. Innhaldet av NH4-N var høgare i biogjødsla enn i substratet. Innhaldet av næringssalt var jamt over høgare i biogjødsel enn i substratet. Det vart ikkje registrert målbare nivå av aktuelle patogenar verken i substrat eller biogjødsel.

Det vart teke ut leddvise jordprøvar ved avslutning av gjødslingsforsøka for å sjå om der kunne observerast endringar i tungmetallet sink i jorda i ledd gjødsla med biogjødsel kontra ledd gjødsla med husdyrgjødsel.

  • Det var høgare innhald av tungmetall i jorda i ledda gjødsla med husdyrgjødsel enn i ledda gjødsla med biogjødsel.

Det vart teke ut grasprøvar for analyse av tungmetall i første og siste forsøksår, for å registrere om der kunne observerast endringar i tungmetallinnhaldet i avlinga i ledd gjødsla med biogjødsel kontra ledd gjødsla med husdyrgjødsel.

  • Det vart ikkje registrert skilnader i innhald av tungmetall i grasprøvane mellom ledd gjødsla med husdyrgjødsel eller biogjødsel ved avslutning av prosjektperioden.

Det vart gjennomført avvatningsforsøk med biogjødsla, med sikte på å registrere korleis nitrogen, næringssalt og tungmetall fordelte seg i tørr og våt fraksjon. To merker av skrupresser vart nytta.

  • Dei to separatorane gav noko ulik avvatningsgrad, om lag 3% ts i våtfraksjonen i den eine (separator A) og om lag 4% ts i den andre (separator B). Forholdet mellom våtfraksjon og tørrfraksjon vart derfor ulik, med 73,5 / 26,5 i separator A og 85 / 15 i separator B. Fordelinga av nitrogen, næringssalt og tungmetall mellom våt og tørrfraksjonane vart likevel ganske lik mellom dei to separatorane. Utslaga var i stor grad som forventa. NH4-N følgjer våtfraksjonen. Makrominerala unnateke kalium følgjer i stor grad tørrfraksjonen. Kalium fordelte seg ganske likt mellom tørr og våtfraksjon. For makrominerala var verdiane analysert som kg pr tonn. Mikrominerala kopar, mangan og sink følgde i stor grad våtfraksjonen. Her var måleeininga mg pr kg TS.